KVALPAR


Ejbakullet, desember - 08

Avl har blitt ein del av hundehaldet, og det er spennande å rekruttere frå eige oppdrett. I avlen legg eg mest vekt på brukseigenskapar, gemytt og helse. Samojeden er ein allsidig brukshund og god turvenn. Ønske er at kvalpekjøparane skal bruke hunden både sommar og vinter.

Kvalpane bur ute frå dei er 3-4 veker gamle, og eg legg stor vekt på sosialiseringa av dei; lydar, ulike miljø (ute, inne, by og land:), store og små menneske, bilturar osv. Kvalpekjøparen skal forvente at eg har brukt tid på kvar hund og gjort dei så godt rusta som muleg til vidare sosialisering og opplæring.
 
For å sikre at vi held rasen så frisk og sunn som muleg, krev eg at kvalpekjøparane HD-røntger og augelyser hunden når han er omlag mellom 16 og 24 mnd.

Etter kvart som eg ser korleis kvalpane i Ejba-kullet utviklar seg, vil eg nok ha eit kull til på Eejles. Det blir da ikkje før i 2010. Er du interessert i kvalp etter Eejles, må du gjerne ta kontakt. Veit ikkje enno kva for hanhund eg vil bruke, men igjen vil eg søke å finne ein kombinasjon som eg trur vil gi gode brukshundar.

Eg held meg til reglane for avl og oppdrett i Norsk Polarhundklubb og Norsk Kennelklubb sine etiske retningsliner for avl og oppdrett.

**********************   *  *  *   ****************************

 

I første kullet brukte eg Eejles av Vinterskogen og Polarullens Barusi Alpov.
Dei vart para 08.08.08 og det vart 9 kvalpar den 10.10.08.


 

 

 












Eejles av Vinterskogen


 

 

 


Polarullens Barusi Alpov 

Eejles
har vist at ho har ein stødig psyke, eit herleg gemytt, er fysisk velskapt, med effektive rørsler. Frisk dame, som òg er meir enn godkjent i utstillingsamanheng.

Barusi er ein stor, lettbeint og ivrig trekkhund. Triveleg temperament og godt pigmentert. Frisk, ung gut.


Kvalpane si stamtavle
  

 


 

 

Hei - har du fått tran?

 

www.samojedhund.org