NYTT

3.3.2010

Vi er gang med turåret, og det ligg nokre nye bilda ute på tursida.

Gledeleg kan eg melde at to av Kvit-Tazane no er røntga med resultat; A-hofter, og ei augelyst utan anmerkning. Fine greier:o) 



30.12.09
Løkk med jul'n!
Her om dagen fekk eg eit julekort som begynte slik; No vart du skremt no! Neida - skremt vart eg ikkje, men både overraska og glad for høre frå noko som hadde vore stille leeenge. Håpar på å skape samme reaksjon her - iallfall er det nokon som blir overraska:-)

Det står til liv. Shakti har vakse seg stor og trekkvillig. Ho langar ut, og no tyder alt på at ho blir den trekkhunden eg ville ha. Så får tida vise kor sterk ho er i hovudet. Eejles kler rollen som leiarhund bra, og Boginja brukar ein del av energien før vi startar ut. Ho har ansvaret for å melde frå om at vi snart er i farta. Det klarer ho med glans. Ivrig og dyktig trekkhund - det skal ho ha.

Om no jula kom brått på og julehelsingane ikkje vart så mange - så vil vi iallefall ønske alle store og små, to- og firbeinte og andre(!) eit FRISKT OG GODT NYTT ÅR!

 

13.6.09
I dag har vevkjærringa klart å linke opp nokre nye bilda av kvalpane på albumsida. Kan godt hende det blir fleire seinare:)
Sist helg var Shakti med på kvalpeshow her på Steinkjer og fekk fin omtale. Ho fekk si første løpetid denne veka.

12.05.09
Heisann!



Det er vår i lufta! Yes-da, skisesongen er over, Shakti har vore på si første utstilling og sykkelen har fått ny olje. Nokre turar vart det i vinter, og eit par av dei kan du sjå bilda frå under TUR.
Det er ikkje så stor aktivitet på vevkjerringa(webmaster) for tida. Mykje å halde på med ute. Vi har det berre bra alle fire og gler oss over det som gror og spirer, alt vi kan lukte på og rulle oss i:)
Ønsker alle hundefrendar ein vakker vår!

15.03.09
Sidan siste nytt har vi vore på samling og årsmøte på Røros, vi har delteke i Maajeløpet og gjort eit forsøk på P-løpet, 5 mila. Tja - trur vi skal halde oss til tur resten av vinteren. Vi måtte bryte P-løpet pga at Boginja hadde diaré. Maajeløpet fullførte vi og Eejles gjorde ein kjempeinnsats i rokk og fyk og fokksnø.
I helga har Shakti sove ute under open himmel for første gong, og det takla ho bra. Sto på kjetting mellom mor Eejles og tante Boginja, og hadde hatt sine gravprosjekter i løpet natta, men stille og utkvilt til ein lengre tur i dag. Nye bilda under TUR.
Sånn elles driv eg no å sullar med eit album - skal sjå det dukkar opp nokre nye bilda etter kvart;)

07.02.09
Da er alle kvalpane selt, og livet tek til å noramlisere seg att. Boginja og Eejles er i gang med trening til tur og løp, og Shakti spring med så godt ho kan. Ho er ikkje alltid med da, det går for fort og langt. Ho trenar meir på sitt og kontakt, innkalling og leik.

24.01.09
For ikkje mange dagane sidan, trudde eg at eg hadde selt alle kvalpane i kullet, og var klar for å få på plass gode rutinar for ein kvalp i flokken. Men - så fekk eg avbestilling på den siste kvalpen, p.g.a. sjukdom hos dei som hadde bestilt, og såleis har eg ein kvalp å selje.  


23.01.09
Det tek si tid å komme i gang i 2009, men det står til liv, for dei fleste av oss iallfall. Tsaritsa er borte og det er både rart og trist. Ho har vore ein herleg venn og læremeister... Tsaritsa var stor...
Det er på tide å få redigert sida.

13.01.09
I dag fekk Tsaritsa si grav i friheit, langt frå seler og menneskekrav. Leve Tsaritsa!






Ønskjer alle ei riktig god og fredfull jul og eit rikt og godt nytt år!



24.12.08
Det er nesten ein månad sidan det kom noko nytt frå vevkjerringa. Først var det hektisk, så vart det tid for kvile og ettertanke. No har seks av kvalpane budd i lag med den nye flokken sin i to veker, og tre bur framleis heime i lag med mor. Tispa eg sjølv skal ha heiter Shakti, og ho har ingen ting i mot å ha selskap av to av sine brødre. Ein herleg trio, lydhør og snille.
Bildesamling frå siste månad.


29.11.08
No har snøen lagt seg, for ei stund iallfall, og det var eit nytt spennande element i kvardagen for dei små.
Sidan siste oppdatering har kvalpane vore på både gardsbesøk og hagesentret. På garden kikka vi på både påfugl og gråsau, kua sleika og katta var skeptisk. Ja, ja.
Nokre nye bilda.


17.11.08
Ei ny veke og vel så det har gått, og kvalpane utforskar nærmiljøet meir og meir. Dei bur ute no, og det ser ut som dei trivst bra med det. Snøfillene som kom forsvann like raskt, men det ser ikkje ut til at kvalpane er vêrsjuke iallfall. Regn ingen hindring for leik i hagen.
Bilda frå siste veke.

8.11.08
I dag har kvalpane vore på sin andre biltur og hadde sine første potetrykk på singel. Dei var stille og tydeligvis godt nøgde med å ligge i bur i bilen i lag med mora si. God bakkekontakt fekk dei òg. Det artigaste var at "tante" Boginja viste seg å vere klar for å ta ansvar for leik og aktivitet i lag med dei små. Ho har berre snusa på kvalpane tidlegare, og har ikkje vore synleg interessert i dei små tazane.
Tsaritsa har helsa på kvalpane inne i kassa for ei tid tilbake. Ho var rørande forsiktig og omsorgsfull. Aksepten var gjensidig, og harmonien råda.
Elles er andre ormekur fortært og alt er vel.
Nye bilda.

 
7.11.08
Det er framleis berre velstand i kvalpeflokken. Dei har no flytta ut av kvalpekassa og inn i heile kjøkkenet. Alt anna enn praktisk for kjøkkenhjelpa, men svært triveleg og underhaldane. Aktiviteten er prega av samhandling og utforsking. Om nokre dagar blir det meir tomleplass i det nye kvalperommet og ute i luftegarden.
Nye bilda.


30.10.08
I dag har kvalpane vore ute for første gong og snusa inn frisk haustluft. Kjølig, men vakkert vêr. Eejles kosa seg ute, medan tazane mysa i vêret og syntest det var fint å sove ute òg. 
Fleire bilda av kvalpane.

19.10.08
Kvalpane veks og ser ut til å ha det berre bra. Lite skrik og meir og meir ull... og pigment. Alle har, så og seie, dobla si vekt no. Dei er i rute.
Bilda frå første veke.

Vevkjerringa (også kalla webmaster) er ikkje heilt konsekvent, så plutseleg ligg det noko nytt på dei andre sidene òg. Som t.d. bilda frå fødselen - dei ligg under kvalpar:)


10.10.08
Heisann!

Skal helse frå matmor å seie at vi vart 9 søsken - 6 søstre og 3 brødre. Vi tok oss god tid til å fundere på om vi ville ut i denne kalde og brutale verden. Lillesøster kom i dag tidleg i 9-tida, og storebror kom i 8-tida i går kveld. Vi er friske og viljesterke alle i hop, og mor er i god form.


Helsing frå Kvit-Taz junior.

 

 

07.10.08

No er det ikkje lenge igjen. Eejles har flytta inn og prøveligg kvalpekassa på kjøkkenet. Tung i magen, men like blid:-) Alt er no tilrettlagt for nedkomst, nettverket er "pålogga" og andre oppgåver rydda av vegen. Vi er klare. Ikkje sant, Eejles?... Eejles??

Åja, ho er ute i den nye hundegarden:-)

 

 

 

29.09.08

Tida går fort, nei - egentleg går ikkje tida, ho kjem. Og mot slutten av neste veke kjem det kvalpar òg. Eejles er framleis  sprek og travar med på tur, men dei, omkring 8, i magen krev meir plass og Eejles passar på å få si kvile og sin kos.:o)

 

Eejles 6 veker på veg.

 

 

17.09.08

Eejles veks og trives, og er i god form. Ho er den sprekaste av oss alle 4 for tida:-)

 

06.09.08

I går tok vi ultralyd på Eejles, og der var det liv i mange små kvalpefrø.:-)

 

03.09.2008

Det går framover. Det blir meir tekst og bilde frå turar - etter kvart...

 

 

25.08.2008

Heimesida blir produsert akkurat no, og er i hurtig utvikling.:-) 

 

www.samojedhund.org