OM MEG

 

Helga heiter eg, og gret da eg vart fødd. Det spesielle med den gråten, seier ho mamma, var han var vakrare enn når Åse Nordmo Løberg song. Ikkje dårleg…

Ok – vi prøver igjen -

 

Eg heiter Helga, er 43 år og har hus, hage og hundegard 5 km frå Steinkjer sentrum. Eg trivst godt ute, og interessa for friluftsliv var ein av grunnane til at eg valte rasen samojed. Noko eg aldri har angra påJ.  I mars 1999 kjøpte eg Tsaritsa, og ho er enno still going strong, trass eit røynt liv. Leve Tsaritsa! I 2002 kom Boginja til oss, og Eejles gjorde sin entre ein kald desemberkveld i 2005. Det er tre-spannet mitt og primærhobbyen min.

 

Eg er glad i å gå på ski, og har vore på mange overnattingsturar, både i lag med andre og åleine. Åleine er ein jo aldri da, når ein har meg seg hund.;-) Vi har òg delteke i eit par løp kvar vinter, sidan 2002. 

Før eg kjøpte meg hus hadde eg no tid til interesser innan kunst, handverk og kultur òg, men no er det mest hage og husrehabilitering. (Det siste ein nokså påtvungen hobby.)

Eg er utdanna gartnar og lærar, og arbeidde ved BoGrønt Steinkjer           Eejles 8 veker, og klar for å flytte med meg heim.

hagesenter i sommar. No
arbeider eg i studietenesta på Høgskolen i Nord-Trøndelag
.

Før hund vart ein del av livet mitt, har eg flytta ein del i inn- og utland. M.a. har eg budd mange år i Nord-Noreg, og er glad eg har blitt prega av nordnorsk humor og moral, mellom høgfjell og hav. Mykje vakkert landskap og natur for friluftsliv der.
 

I september 2007 tok eg med meg hundane og flytta til Svalbard for ein periode. Eg arbeidde som handlar i ein hundegard med 50 hundar. Grønlandshund, husky og grønsky (blanding av dei to rasane). Ei tøff, nyttig og rik erfaring. Eg lærte ein del om hundehald, hundespråk, hundekjøring og slit der. Samojedane mine fekk prøve seg i spann med huskyar og grønlandshundar, og det gikk berre godtJ

 

Etter 3 månader på 78 grader nord hadde eg gjort meg dei erfaringane eg skulle, og det var godt å komme heim og legge geværet på kvisten. No gjer eg meg klar til ein haust med kvalpekull.

 

 

 

 

www.samojedhund.org