KENNEL KVIT-TAZ

 

Kennel Kvit-Taz er ny i landskapet, og vi ventar no det første kullet. Eg har hatt samojed i 9 år, og har i dag 3 hundar. Samojeden er ein brukshund, med ei lang historie tilbake til Sibir.

 

Hundane mine blir brukt

både sommar   Tsaritsa, Eejles og Boginja, 2006.

og vinter. For

det meste blir det pulk og ski om vinteren, men litt slede- og snørekjøring blir det òg. I sommarhalvåret tek vi nokre kløvturar og kjører ein del vogn. Vi har vore på mange overnattingsturar, både i hytte, telt og snøhole, så hundane er vant til å ligge ute under open himmel både sommar og vinter. Til dagleg bur dei ute i hundegard, men kosar seg godt under stuebordet ein gong i mellom.

 

Eg har venta med å avle eigne hundar til eg har fått nokre år erfaring med hund og hundehald, og har gått i skole hos andre samojedoppdrettarar. No er eg budd på å oppdra ein liten flokk, med alt det ansvaret det inneber.

 

Samojeden kjem frå distrikta mellom Kvitsjøen og elva Olenek i Sibir. Der i mellom renn elva Taz. Såleis vart kennelnamnet

Kvit-Taz.

 

 

Vi trekker pulk,

 

går på tur med kløv,

 

trekker saccovogn, og

 

blir skitne og slitne etter turar om hausten.

www.samojedhund.org